Sande Barnehage

I Sande barnehage er vi opptekne av å vere lærande og vere i utvikling.  Å ta i mot lærlingar, studentar og elevar er med å gje oss nye impulsar og krev at vi held oss oppdaterte. 

VI er over 30 tilsette som kvar og ein jobbar for at barn og foreldre skal oppleve at Sande barnehage er ein god plass å kome til med barna sine . Dei siste åra har vi også hatt gleda av å innlemme ein kokk i kollegiet vårt. Ynskje om kokk i barnehagen kom frå våre foreldre for nokre år sidan, og frå hausten 2016 har vi hatt fast tilsett kokk  som syt føre næringsrik, velsmakande og variert mat til alle. 

Sande barnehage består av to bygg. 
Dei to yngste kulla har vi samla i bygget i Gamlevegen. Der er to avdelingar med eittåringar og to med toåringar. I 2010 bygde vi nytt i Steiavegen, der har vi borna frå tre år og oppover.

Sande ligg 20 min sør for Førde og er ein forstad i vekst, og det har vi glede av i barnehagen vår.  Barnetalet varierer vanlegvis mellom litt over 100 og ca 120 barn, enkelte år også fleire.

Vi har sett oss nokre verdiar som vi er opptekne av i  barnehagen vår:

  • Dagar fylt med utfordring og motivasjon
  • Ein trygg stad der små og store trivast
  • Ein plass fylt av glede og humor
  • Vi synar kvarandre gjensidig respekt

Vi er ein gjeng blanda av dyktige og kompetente pedagogiske medarbeidarar og fagleg og reflekterte barnehagelærarar. Vi har som mål å ta imot 1 til 2 lærlingar kvart år. Vil du vite meir om oss kan du ta kontakt på 57 71 63 00 eller 57 71 61 39  og spørje etter Eldrid eller Gro